Vil du vera med å skapa verdiar i hjartet av kraftbygda?

Vi i SEV AS (Sogn Energivekst) er på jakt etter ein ny kollega. Kanskje er du nyutdanna og klar for å ta fatt på arbeidslivet? Kanskje har du fleire års erfaring frå rekneskap, økonomi eller administrasjon? Eller kanskje du har opparbeidd deg solid kompetanse gjennom praktisk arbeid? Då vil vi gjerne høyra frå deg.

SEV AS er eit lite selskap med tre tilsette. Vi arbeider tett opp mot kraft- og energimiljøet i regionen og har ansvar for mellom anna rekneskap, budsjettering, økonomioppfølging og kraftrelaterte oppgåver for fleire selskap. Du får også moglegheit til å bli involvert i arbeidet med kraftporteføljen vår. Dette er eit spennande område der økonomi, analyse og kraftmarknad møtest, og der du kan få innsikt i ein bransje som har stor betydning for regionen og framtida.

Hos oss får du ikkje berre ein jobb. Du får moglegheita til å påverka, læra og utvikla deg i eit lite og fagleg sterkt miljø der avstanden frå idé til handling er kort.

Kva kan du få jobba med?

  • Rekneskap og økonomioppfølging

  • Fakturering og rapportering

  • Budsjett- og analysearbeid

  • Oppfølging og analyse av selskapet si kraftportefølje

  • Administrative oppgåver

  • Oppfølging av kundar og samarbeidspartnarar

  • Andre oppgåver tilpassa erfaring, kompetanse og interesse

Kven ser vi etter?

Vi trur du kjenner deg att i noko av dette:

  • Du har utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande, eller relevant erfaring

  • Du er nysgjerrig og ønskjer å læra

  • Du likar å arbeida strukturert og sjølvstendig

  • Du trivst med ansvar og varierte arbeidsdagar

  • Du samarbeider godt med andre

Har du autorisasjon som rekneskapsførar er det sjølvsagt positivt, men vi er minst like opptekne av personen, motivasjonen og kompetansen du kan bidra med.

 

Kvifor SEV?

  • Eit lite og uformelt arbeidsmiljø

  • Varierte arbeidsoppgåver og stor påverknad på eigen arbeidskvardag

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Ei spennande rolle i eit selskap med sterk lokal forankring innan kraft og energi

Kjenner du at dette kan vera noko for deg? Då håpar vi du tek kontakt. Vi vurderer søknadar fortløpande og oppmodar både nyutdanna og erfarne kandidatar til å søkja.

Har du spørsmål, kan du kontakta Frode Fredheim på telefon 91703073 eller epost frode.fredheim@sevas.no. Søknad sendes til same epost.

Arbeidsstad: Lærdal


Søknadsfrist: Etter avtale / fortløpande vurdering