Aurlandsavtalen 2026
Viktig informasjon om ny straumavtale for 2026 – du må bekrefte
Aurland kommune har vedteke straumavtalar for 2026. Etter innføring av den statlege ordninga Norgespris blir den nye konsesjonskraftavtalen endra til ein spotprisavtale med eit avslag på 10 øre/kWh inkludert avgifter.
Dette betyr at straumprisen følgjer markedet time for time, med eit fast avslag på 10 øre per kilowattime. Endringen innebærer at dagens variable avtale blir avslutta 01.01.26 , og du må derfor aktivt godta den nye spotavtalen for at den skal gjelde fra 01.01.26. Viss me ikkje mottek bekreftelse på at du ynskjer avtalen, er me etter regelverket nødt til å avslutte kundeforholdet, og du blir satt på leveringsplikt hjå netteigar.
Me kjem til å sende ut meir informasjon om korleis du godtek/bestiller denne avtalen i starten av neste veke.
Norgespris
Viss du velger Norgespris i tillegg til den nye spotavtalen, vil dette påvirke prisen din slik:
Norgespris justerer fakturaen din opp eller ned slik at du betalar fast pris (50 øre/kWh). Deretter vil minuspåslaget i Aurlandsavtalen på 10 øre/kWh redusere prisen ytterlegare. Du endar da opp med ein pris på 40 øre/kWh inkludert alle avgifter slik som før.
Norgespris vil stå som ein eigen post på nettleige delen av fakturaen, mens spotavtalen og minuspåslaget vises på kraftdelen.
Det er difor avgjerande at du bestiller Norgespris for å få samme pris per kWh som før.
Du må sjølv bestille Norgespris via Min side på www.elhub.no. Viss du er "ikkje elektronisk" kunde må du ta kontakt med din netteigar for å bestille.
Kva er Norgespris?:
Norgespris er ein statleg frivillig ordning som eit alternativ til strømstøtte. Du får ein forutsigbar straumpris gjennom året, saman med straumavtalen du har hjå oss. Det er ditt nettselskap som er ansvarlig for Norgespris.
Dersom du ikkje bestiller Norgespris vil du fortsette med den statlege straumstøtteordninga som slår inn når spotprisen er høgare enn 75 øre/kWh i ditt prisområde. I desse timane får du støtte for 90% av beløpet over 75 øre/kWh.
Denne informasjonen gjeld både for kundar med Aurlandsavtalen med binding, og Aurlandsavtalen uten binding.
Trenger du hjelp eller har spørsmål?
Ein av våre medarbeiderar vil være tilgjengeleg på Aurland kommunehus 08.12.25 mellom 09:00 – 13:00 og 15.12.2025 mellom 15:00 – 18:00. Du er hjarteleg velkommen til å stikke innom for personleg veiledning og hjelp med bestilling av avtalen.
Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt viss du har spørsmål eller treng meir informasjon.